Norsk     English     Deutsch
Aktiviteter
Overnatting
Arrangement
Om oss
Kontakt oss


ÅL FOLKEPARK BA HADDE EIT MÅL FOR DRIFTA OG UTVIKLINGA AV PARKEN SOM HADDE EIN ORDLYD SOM DET NYE SELSKAPET  - ÅL FOLKEPARK OG FERIELAND AS - GJERNE VIL FØRE VIDARE:



Eit skapande og drivande selskap
for dei gode opplevingane. I 1997 tok styret i Ål-utstillinga BA initiativet til forprosjektet "Ål folkepark" for å utgreie potensialet for større og meir mangfaldig aktivitet i området - tidlegere Sundre Camping. Målet var å utvikle tilbodet til nye og breiare grupper.


2002aalut2.jpg

Resultatet av forprosjektet vart at det skulle byggjast ein "folkepark", med basis i den tradisjonen og dei aktivitetane ein mellom anna opplever under Ål-utstillinga, som eit heilårstilbod for turistar og fastbuande både i Ål og Hallingdal.
guttkalv.jpg



Ål Folkepark skal vidareutvikle dei naturgitte ressursane på området, og dei sterke banda ein har til lokalmiljøet innan landbruk og kultur. Ål folkepark vart offesielt opna av ordførar Ingvard Solberg under Ål-utstillinga 2002.

Målet er å skape eit permanent arrangements- og aktivitetsområde det ikkje er maken til i Hallingdal.